Kvar fredag har vi vekas spørsmål i Det spørst-spalten samt innsending av løysingsord i Fjordkryss.

Innsendarane med riktig svar i kvar av konkurransane er med i trekninga av eit Fjordenes Tidende-krus.

Vekas spørsmål fredag 22. mai var: Kva for eit europeisk land har eit namn som betyr svarte fjell?

Riktig svar var Montenegro,  og Elin Pehrson Grytting på Sandane får tilsendt eit krus for riktig svar.

Løysingsordet i Fjordkryss 22. mai var sunnivalegendeopphavstad. Ei av dei som hadde funne svaret var Helga Kirsten Turøy Masdal frå Askvoll, og ho får også eit krus i posten.

I dagens avis, enten det er på papir eller e-avis, er det nye moglegheiter til å sikre seg eit Fjordenes Tidende-krus om du svarer på vekas spørsmål eller løyser ei ny utgåve av Fjordkryss.

Lykke til og takk til alle som deltar.