DNB skal ha inngått forlik med Bremanger kommune og dei andre Terra-kommunane. Dermed unngår kraftkommunen truleg ein ny milliongjeld oppimot 200 millionar kroner.

Det melder NRK.

Kravet for alle kommunane samla var 1,3 milliardar kroner, men no slepp kommunane unna med å betale 650 millionar kroner.

Det er ikkje kjend kor mykje Bremanger kommune sin del av desse millionane blir.

Det er DNB Bank ASA og kommunane Bremanger, Hattfjelldal, Hemnes, Kvinesdal, Narvik, Rana og Vik som har inngått avtala.

– Forliket betyr at kommunane kan legge saka bak seg. Avtalen er inngått på eit nivå som ligger godt under kravet frå banken, og det er vi nøgde med. No får kommunane frigjort midlar som kjem innbyggarane til gode, seier advokat Stein Erik Stinessen i Advokatfirmaet Lund & Co til NRK.

Det er Lund & Co som har representert kommunane i saka.

Bakgrunnen for rettsaka som skulle opp i september er at Terra-kommunane blant anna tok opp eit større lån i DNB. Banken har venta på andre prosessar for å sjå om kommunane kunne hente erstatningspengar der.

Rettsaka var opphavleg satt til 21. september i Oslo Tingrett, og hadde Bremanger tapt rettsaka ville kommunen hatt ei gjeld på over 200 millionar kroner. Men no har altså Bremanger og dei andre kommunane inngått forlik med DNB.

Terra-saka er enno ikkje heilt ferdig. Forholdet til Terra sitt forsikringsselskap ACE er ikkje avklart. ACE vann i tingretten, men saka er anka. Dato for ankesaka er ikkje sett.

Det er også midlar igjen i buet som ikkje er avklart.