I Bremanger er SMIL-mid­la­ne no til­delt. Til saman ni ak­tør­ar, deriblant ordførar Karl Vidar Førde, de­ler 193.000 til des­se spe­si­el­le mil­jø­til­ta­ka i jord­bru­ket.

Blant dei som får mid­lar er ord­fø­rar Karl Vidar Førde (Sp). Førde søk­te om 48.000 kroner til res­tau­re­ring av eit ga­malt grannegjerde og ut­marks­gjer­de. Han blei til­delt det hal­ve, 24.000 kroner.

Dei an­dre som får SMIL-mid­lar denne gang­en er:

Jan Martin Skjærstad, Bremanger, 26.000 kroner til gjerding av ga­malt kulturbeite for bei­ting med sau.

Hildegunn Bakke, Davik, 56.000 kroner til ei fel­les­pro­sjekt på gjerding mellom grunn­ei­gar­ar.

Hilde Myklebust, Reidar Ytre-Hauge og Mildrid Anette Indredavik får alle mid­lar til res­tau­re­ring av ga­mle grannegjerde, hø­ves­vis 26.000, 20.000 og 10.000.

John Ove Bratseth, Bremanger, får 10.000 til gjer­ding ut i fjæ­ra for å hind­re at sa­ue­ne går forbi på fjæ­re sjø.

Magnus Endal og fleire grunn­ei­gar­ar i Endal får 10.000 til ryd­ding av ga­mal se­ter­veg for nedblåst gran.

Til slutt får Anette Midtbø, Rugsund, 11.000 kroner til vø­ling av eit ga­malt eld­hus.

Kommunen hadde også inne tolv søknader til, men desse fekk ikkje midlar i denne omgang.