Dette innlegget fra Torfinn Kråkenes sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 26. juni:

Verneområde på Kråkenesfjellet og byråkrat til forargelse

Fleire av fast-telefonabonentane  på Kråkenes,  har vore utan linjesamband sidan nyttår. Dette skuldast truleg den store lynaktiviteten som var rundt den tida. Mobildekninga her i bygda, har heller ikkje vore av det beste.  Dette gjer at dei fleste synest at kabelinja over fjellet, og fast-telefonen framstår som eit betryggande alternativ.

Tilike med underteikna, er det fleire som har meldt inn skademelding til sine operatørar. Men det kjem stadig nye fristar, og nye utsettingar for utbetring. Siste lovnad for utbetring var fredag 5. juni. På nytt kjem det melding om att «ny dato for utbetring av fast-telefonen er framsatt til 20.7 d.å.

Vi ringer operatøren og krev ei forklaring.  Og den er grei nok. Feilen har blitt rapportert til Telenor, som er linjeigar, og dei igjen, har rapportert til utførande, som er Eltel. Hos Eltel får vi vite kor «skoen trykkjer».  Telefonkabelen som går over fjellet til Kråkenes, går også gjennom eit «Verneområdet» på Kråkenesfjellet, der Eltel meina at feilen ligg.

Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen har lagt ned forbud mot graving i nemnde område. Vi får vidare opplyst fra reperatør, at det er snakk om ca. ein meter graving. «Vi kunne ha utbetra denne feilen for lenge sidan, hadde det ikkje vore for «graveforbudet». Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen har freda eit større område på Kråkenesfjellet,  grunna «særegne oceaniske vekstar»?.

Spading og tråkk i området er svært lite ynskjeleg, får vi opplyst fra den kanten. Det kan og vere aktuelt med inngjerding av heile området, (fleire km.) for å unngå beiting og «skadeleg sauetråkk» !!???.

Dette «freda området» har, om ikkje fra «tidenes morgen», så iallefall i fleire århundre, vore nytta som sommarbeite for sau, hestar, kyr og kalvar, og no om dagen geiter.  Samt omfattande aktivitet når det gjeld utak av torv til brensel, og som området er synleg prega av.

Folket på Kråkenes var med og bygde lyslinja, og telefonlinja gjennom det same området.  Likevel, trass desse aktivitetane i århundre, har altså desse «verneverdige planteartane» til fylkesbyråkraten i Sogn, overlevd, blomstra og formert seg.

Ein søknad  om å få grave ein meter, grøft for å reparere tlf. linjesamband til Kråkenes, vert altså møtt med avslag fra miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen. Det er nesten slik at ein ikkje kan å tru det ein høyrer.

«Movatna natureservat» er forøvrig eit kapittel for seg.  Reservatet vart etablert ved Kongeleg resolusjon 18 juni 2004. Fylkesmannen hadde på dette tidspunkt tilgang til protokollen for Storskiftet, men «freista ikkje å gå inn i teksten» (som dei sjølve skriv). Med andre ord, Fylkesmannen har ikkje teke seg bryet med å undersøke kven som er rettmessige eigarar av området dei har freda. Då det vistnok vart for krevjande å lese gamle dokument.   (Med eitt var ikkje formalitetane så viktige lenger.) I forkant av slike vedtak føregår det sakshandsaming som skal tilfredstilla krava i forvaltningslova.  Dette innber m.a. at saka vert handsama med korekte partslister. Noko som ikkje var tilfellet her. Rettmessige grunneigarar av arealet, vart aldri på noko tidspunkt kontakta, og har dermed vore uvitande til heile fredningsprosjektet.

Ein kan vel kort summert sei, at likegyldighet og arroganse overfor grunnbøker, eigarforhold, og korekt sakshandsaming, har prega heile prosessen.  Min påstand, er at miljøvernavdelinga hos fylkesmannen sit med eit ugyldig fredningsvedtak, grunna slurv, og feil sakshandsaming.

På andre sida av vegen, (ùfreda område), med minst like mykje verneverdige lyng og planteartar, foregår truleg tidenes største industri utbygging i Vågsøy Kommune`s historie. Vindkraftutbyggingane Mehuken I. Meh. II. og Meh.III.

Her har  fleire titals-tusen kubikk jordmasse blitt snudd opp ned, lagt under betongdekke, og kilometervis med vegar. Samt  hundrevis av meter nedgravde kablar, Og endatil eit «velferdshus»  er bygd i same område. Vel å merke, hensynsfullt, anlagt med «torvtak» for å begrense «blikkfanget»..

Mykje kan tyde på  at det ligg betydelege utfordringar i å finne noko «vetigt» å fylle arbeidsdagen med, for eit stadig aukande antall byråkratar.

I denne saka har det blitt grundig synlegjort, at allminneleg «bondevèt og forstand» ofte kan lide under trange kår. Og heller ikkje alltid  er retningsgjevande for kva som vert fatta av vedtak og bestemmelsar.

Om Telenor ser seg tjent med å grave kilometervis med ny kabel til Kråkenes, utafor Fylkesmannens (truleg ugyldige verneområde) og «botaniske sjeldenheter», gjenstår å sjå.

Enn så lenge er fortsatt fleire av abonentane på Kråkenes utan fasttelefon.

Grunna ein gjenstridig byråkrat,  ansatt hos miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fj.