Den saka som blei mest lest sist veke var saka om Selje Hotel som blei hacka og mista alle bookingane sine.

Det var onsdag sist veke at hotellet merka at serverane til hotellet var hacka. Hackarane pressa hotellet for pengar for igjen å få tilgang til bookingane.

Les heile saka her.

Ei anna sak som fjt.no sine lesarar har vore nysgjerrige på, er saka om motorsyklisten som stakk av frå politiet. Det var laurdag ettermiddag at motorsyklisten stakk av frå politiet under ein kontroll i Almenningen i Vågsøy. Les saka her.

Årets ildsjel blei kåra under Måløydagene laurdag, og det viste seg også vere ei populær sak. Det var ei tydeleg rørt Torill Eide Tennebø som fekk prisen under laurdagens underhaldning i showteltet. Les meir om saka her.

Oppfølginga til saka om Selje Hotel som blei hacka og pressa for pengar, blei også populær. Lensmann Tormod Hvattum kunne fortelje at denne typen kriminalitet har dei svært liten erfaring med, og at dei derfor kobla inn Kripos si avdeling som jobbar med internettkriminalitet. Les meir om saka her.

Følgjande saker blei også godt lest sist veke:

Har funnet bilen

Stoppet i Måløy på vei hjem til dåp

Trur dei veit årsaka til brannen