Politiet har fått inn fleire tips etter at ein person på motorsykkel stakk av frå politiet i ein fartskontroll laurdag.

Motorsyklisten vart målt til 171 kilometer i timen på Rv 15 i Almenning på veg mot Måløy.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier dei ser svært alvorleg på denne totalt uansvarlege køyringa.

- Vi kjem til å prioritere denne saka høgt. Vårt mål er å få identifisert personen som køyrde, seier Hvattum.

I dag skal politiet studere bilete frå eit overvakingskamera på bensinstasjonen på Bryggja der denne sykkelen kan ha vore innom for å fylle drivstoff.

- Vi har fått fire tips om saka, og vi håpar vi skal kunne finne personen. Vi trur det kan vere ein person med kjennskap til distriktet. Dette er galskap. Denne personen leika både med sitt eige liv og andre sine liv. Slike folk har ingenting i trafikken å gjere, seier Hvattum.

Fjordenes Tidende er kjent med at eit vitne har fortalt politiet at han vart forbikøyrd av denne motorsykkelen i 60-sonen ved Måløy vidaregåande skule i ein himla fart.

Han seier politiet er interesserte i tips frå folk som kan ha sett denne motorsykkelen.

Måndag føremiddag hadde politiet ikkje noko klart bilete på korleis sykkelen såg ut.

Det var ein blå racing-sykke og føraren hadde på seg ei stor jakke og ein ryggsekk med kvitt mønster på