Måndag måtte Kjell Oldeide og Jan Holvik, som er med å arrangere havfiskefestival i Måløy, fram med verktøy for å fjerne ein større reklameplakat som dei har montert ved Rv 15 på Kulen i Vågsøy.

Plakaten vart festa på eit stativ ved enden av ei utkøyrsle like aust for Måløybrua.

Oldeide innrømmer at dei ikkje hadde søkt om å få sette opp det store skiltet som skal reklamere for havfiskefestivalen seinare i sommar.

- Vi har hatt liknande skilt her tidlegare. I fjor vår og sommar hadde vi ein liknande plakat. Her har det også vore kunstverk. Dermed tenkte vi ikkje på at vi måtte søkje, seier Oldeide til Fjordenes Tidende.

Han vart måndag kontakta av folk frå Statens vegvesen. Og der var beskjeden tindrande klar: Skiltet må fjernast. Dersom ikkje dei ville gjere det, så ville Statens vegvesen leige ein entreprenør til å gjere det.

- Vi vil ikkje lage noko styr. Så vi flyttar det til Torget i Måløy som blir sentral under festivalen seinare i sommar . Og vi hadde ikkje råd til å få ei rekning frå Statens vegvesen, så vi flytta det med ein gong, seier Oldeide.

- Det er sjølvsagt både rart og bittert at det ikkje får henge all den tide det har vore skilt her i mange år. Dette er jo god reklame for oss, seier Oldeide.

Det store skiltet er laga for arrangementet i sommar og sponsorane er med der. Oldeide opplyser at det har kosta dei rundt 10.000 kroner. Skiltet er 2 X 2 meter.

Dei hengde det opp for ei veke sidan. På treveggen ved sidan av skiltet heng det eit turistskilt og mange plakatar om arrangement.

- Det synest å vere greitt. Men ikkje skiltet vårt. Så får vi sjå om stativet pyntar meir opp enn denne reklameplakaten vår, seier Oldeide