Måndag kveld tok politiet hand om ein person som køyrde bil, og som kolliderte med eit trafikkskilt i Måløy sentrum.

Publikum som såg hendinga tipsa politiet som rykte ut og tok hand om føraren, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politikammer, Inge Værøy til Fjordenes Tidende.

Føraren var ein mann i 20-åra av utanlandsk opphav.

Personen vart teken med til lege for blodprøve.

Værøy opplyser at ingen personar vart skadde.