Det er berre å ta det med ro langs vegane. Det er mykje hjort.

Natt til tysdag fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om tre bilar som har kollidert med hjort på vegen.

Like over midnatt var det ein kollisjon på Rv 15 på Bryggja.

I løpet av den neste timen var det ein kollisjon på E 39 ved Aven i Sogn og ein i Viksdalen.

Viltnemnda har vore ute på alle tre kollisjonane.

Det er ikkje meldt om personskade.