Politiet og rustenesta i Vågsøy fryktar ei mogleg auke av hasjbruk blant ungdommar, samt rekruttering til miljøet.

– Vi er uroa for det som er meldt inn, og vi må ta desse meldingane alvorleg, seier ruskonsulent Judith Kvåle.

Både ruskonsulenten, lensmann Tormod Hvattum og SLT-koordinator Dagny-Ann Gangeskar har motteke meldingar, og dei er uroa for ein mogleg auke i hasjbruk blant ungdommar i kommunen.

Usikre på omfang

– Vi får meldingar om at det går føre seg bruk, men det er omfanget vi er usikre på, seier Hvattum, og legg til at dei har fått inn fleire konkrete meldingar enn før, frå både foreldre og jamnaldrande til brukarane.

– Det er derfor vi no vil gå ut og åtvare mot dette og gjere folk merksame, seier Hvattum (sjå eigne saker).

– At folk gir beskjed betyr jo bare at folk bryr seg, seier Gangeskar, og legg til at det er betre med eit spørsmål for mykje, enn eit for lite. Ruskonsulenten fortel at hovudrusmiddelet er alkohol.

– Det er få som brukar andre rusmiddel som ikkje går via alkohol, seier Kvåle, og legg til at det er i ungdomsskulealder ein kan førebyggje slik at rus ikkje blir eit problem.

Heile Nordfjord

– Vi registrerte i fjor ein auke i marijuanabruk og ei rekruttering av nye brukarar, seier han, og legg til den moglege auken dei ser no er noko politiet vil undersøke utover hausten.

Auken ser han ikkje som unik for Vågsøy.

– Dette er noko vi ser i heile Nordfjord, seier lensmannen, som ikkje vil peike ut nokon «verstingplass».

– Det har vi ikkje grunnlag for å seie, men vi ser at problemet flyttar seg litt med folk, seier han. Det er ønske om tre-fire uroaksjonar i året, men politiet har foreløpig ikkje gjennomført ein einaste. Hvattum fortel at dei ikkje har fått brukt så mykje tid som ønska på narkosaker. Det var også færre saker i fjor mot året før, men ein trur ikkje det er nedgang i bruk.

– Vi har hatt lita tid på grunn av mannskapssituasjonen, men vi går på med ny giv etter ferien, forsikrar Hvattum.Han fortel vidare at det er øyremerkt midlar til at ein politibetjent i Måløy skal jobbe med førebyggjande arbeid.

Les om korleis du lettare kan oppdage om ein ungdom du kjenner slit i tirsdagens utgåve av Fjordenes Tidende kor denne saka óg sto på trykk.