I dag bytter taxisjåfør Bjørn Blaalid frå fire til to hjul for kreftsaka.

- Dette er til ære for ein kvinneleg drosjesjåfør, Bente Stokkeland, som døde av kreft i fjor. Ho satt i styret til Norsk taxiforbund og var ei positiv dame, fortel Blaalid, som kjende ho personleg.

- Eg synest at dette var så positivt, at dette måtte eg vere med på. Så er det også for å samle inn pengar til kreftsaken, fortset han.

"Den store taxidugnaden" er taxisjåførar som over heile landet syklar stafett frå Nordkapp til Lindesnes til inntekt for kreftsaken. 145 drosjeeigarar, sjåførar og andre med tilknytning til taxinæringa skal sykle døgnet rundt, for også å minne om at drosjene er tilgjengelege "overalt, alltid".

Kvar deltakar syklar 3 mil, og Bjørn si etappe er frå Hornindal til Eid.

- Dette skal eg greie, det er ikkje meir enn 33 kilometer, seier Blaalid, som er aktiv syklist.

Blaalid startar i Hornindal klokka 15.00 i dag, og målet er å vere framme på Nordfjordeid til 17.00 då neste syklist tek over.

- Normalt sett burde det ta litt over ein time, maks ein og ein halv, seier Blaalid, som har sykla nokre ritt tidlegare.

Han har også fått med seg dottera Rakel Televik Blaalid i følgebil.

- Det er i tilfelle punktering. Eg har vore litt uheldig med det tidlegare, seier Blaalid.

Målet er å samle inn pengar, og ein kan ta kontakt med Blaalid om ein kunne tenke seg å støtte.

- Om nokon vil bidra, blir eg svært takknemleg for det, seier Bjørn.

Det er totalt 30 personar som skal sykle ruta som går på Vestlandet. Den starta i Kristiansund. Bjørn sin etappe kjem frå Volda til Hornindal, og frå Eid går den til Breim og vidare til Lavik. Dette er Sogn og Fjordane sin del. Hordaland tek over på Oppdal. Målgang for heile stafetten er fredag i Lindesnes.