Politiet i Vågsøy har som kjent sikta ein person som dei meiner køyrde motorsykkel i 171 kilometer i timen og stakk av frå politiet sist laurdag.

Den sikta mannen vart tysdag kveld avhøyrd av politiet.

Etterforskingssjef ved Vågsøy Lensmannskontor, Nils Bakke, seier til politiet at den sikta mannen nektar for at det var han som køyrde motorsykkelen i dette området denne dagen.

- Kva seier han til om andre kan ha brukt denne motorsykkelen?

- Det ynskjer vi ikkje å kommentere no.

Bakke seier at politiet har sikra seg ein del spor og bilete som dei jobbar med i etterforsking av denne saka.

- Dette er ei alvorleg sak. Vi ynskjer ikkje at folk med slike haldningar til fart skal vere i trafikken. Og vi har tru på at vi skal klare å finne ut av kven som køyrde seier Bakke.

- Kva skjer vidare i saka no?

- Vi prioriterer denne saka høgt. Vi skal gjere både avhøyr og avsjekk av saka i løpet av dagen ut frå det som den sikta har forklart og ut frå spor og foto som vi har, seier Bakke.

Han seier at denne mannen som vart avhøyrt tysdag er framleis sikta, sjølv om han nektar.

Det betyr at politiet meiner det er han eller sykkelen til denne personen som vart målt til 171 kilometer i timen og som stakk av frå politiet i samband med ein fartskontroll i 80-sona på Rv 15 i Almenning sist laurdag.

Politiet er framleis interesserte i tips om denne episoden som skjedde laurdag ettermiddag.

Bakke har framleis tru på at dei skal kunne løyse denne saka.