Interesseorganisasjonen Dysleksi Nordfjord, som omfattar kommunane Vågsøy, Bremanger, Eid, Selje, Gloppen, Hornindal og Stryn, inviterte nyleg sine medlemmar over 13 år til gokartkjøring og pizza på Kråkenesmarka ved Førde.

- Vi hadde ein superkjekk dag med mykje fart og spenning. Nokre var der for første gong. Det var utruleg kjekt å sjå kor glade dei vart då dei meistra dette. Dei som har vore med før, synest dette er kjempemoro, og blir med nesten kvar gong. Eg trur denne aktiviteten er "kommen for å bli". Det vart mykje smil og latter denne dagen, forklarer leiar Svanhild Valvik i Dysleksi Nordfjord.

Dysleksi Nordfjord er ein interesseorganisasjon under Dysleksi Norge som arrangerer kurs for skuletilsette, foreldre og elevar. Dei har og sosiale arrangement som for eksempel bading og lunsj på Hotel Alexandra og gokart-køyring, opplyser organisasjoenn.

- Til hausten inviterer vi medlemane til ei helg med mestringskurs for familiar. Her blir det lærerike og morosame kurs og aktivitetar både for store og små, opplyser Svanhild Valvik.