Onsdag kveld så melde puben midt i Måløy sentrum, Jibben, at dei stenger dørene og legg ned drifta.

Det skjer tre dagar etter Måløydagane.

Denne meldinga stod på serveringsstaden sine eigne heimesider. Eigarane skriv på heimeesida at dei beklagar dette.

Dermed er Måløy sentrum ein serveringsstad mindre.

Det har ikkje lukkast Fjordenes Tidende å komme i kontakt med eigarane eller dei som har drive denne serveringsstaden etter at meldinga vart publisert onsdag kveld.

Men dette skjer nokså nøyaktig eitt år etter at dei nye eigarane overtok drifta av serveringsstaden i Måløy.

Jeanette Dragsund og Katarzyna Wydrzynska gjekk inn med 50 prosent av aksjane og har prøvd å fått liv i puben etter at den gjekk konkurs i mai 2014.

Dei pussa opp lokalet før dei opna og såg fram til å få liv å røre i lokalet. Men no er det altså slutt og lokalet er stengt.

Dragsund var dagleg leiar og Wydrzynska var styremedlem og medeigar.