Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad har hatt konstituerande styremøte og vil no prioritere arbeid med gode transportvilkår og arbeide for Selje og Selja sin plass i Kystpilegrimsleia. Det nye styret er breitt samansett, og representerer relevante fagmiljø, næringsliv, politisk nivå , frivillegheit og lokalbefolking. Stiftinga sitt føremål skal vere formidling, forvaltning og forsking knytt til Selja kloster- og helgenanlegg, Selja og Stad - sett i både ein lokal, nasjonal og internasjonal samanheng. Stiftinga skal drive næring og vere vertskap for turistar, pilegrimar og andre besøkande. Stiftinga skal bidra til å skape gode opplevingar, og utvikle varige verdiar for lokalsamfunn og næringsliv i området. Gjennom samspel med kyrkje, fagmiljø, det offentlege, frivillege, lokalsamfunn og næringsliv, skal ein sikre høg kvalitet, god gjennomføringskraft og varig verdiskaping, står det i pressemeldinga frå styret.

Den nye organisasjonen skal vere ein koordinator og "eit NAV" for lokale og regionale aktørar.

Stiftinga vil i starten prioritere dei grunnleggande elementa som må vere på plass for at Selje kommne skal framstå som eit godt reisemål. Sentralt i den første tida er difor arbeidet for å sikre gode transportvilkår til det største reisemålet, arbeide for Selje og Selja sin plass i Kystpilegrimsleia og presentere dei store landskaps- og naturverdiane - særleg på Stad . Samarbeidet med Sunnivaklosteret og munkane om klosteretablering, skal også vektleggast.

Stiftinga har base i Sunnivahuset i Selje sentrum. Her finn ein også turistinformasjon og ei rekkje utstillingar. Stiftinga, Selje kommune og Sunnivaklosteret ved munkane samarbeider om å gje dei tilreisane gode opplevingar.  Stiftinga vil også vidareføre eit godt samarbeid med Reisemål Stryn & Nordfjord og med Sogn og Fjordane fylkeskommune om det pågåande utviklingsarbeidet.