Ein tidlegare straffedømt nordfjording i 50-åra må sone fem månader i fengsel etter å ha påført ein mann i 40-åra fire brot i foten.

Den tiltalte har svart belte i ei karategrein og det heile skjedde under bursdagsfeiringa til den tiltalte.

Stemninga på festen vart etter kvart amper. Den tiltalte fekk «svartsinne» og ropte til den fornærma om å komme seg ut av leilegheita, og slengde deretter mannen i golvet. Fornærma blei liggande på magen på golvet medan han prøvde å verne hovudet mot slag.

Tiltalte sette seg på den fornærma og vridde den venstre foten med stor kraft. Resultatet blei tre brot i ankelen og eitt i leggen.

Tiltalte hevda å vere uskuldig i Fjordane Tingrett, noko tingretten ikkje har festa lit til.

Tiltalte må også betale 50.000 kroner i oppreisingserstatning og 2.185 kroner i erstatning til fornærma.

30 dagar av dei fem månadene blir gitt på vilkår med ei prøvetid på to år.