Planen var at Ragnar Thorseth skulle ro ut i frå Utvær i Sogn med retning Shetland 1. juli. På grunn av stiv kuling har han no blitt tvungen til å leggje om på planane.

Saman med fotograf Trygve Berge i fylgjebåten «Hilding» er Ragnar Thorseth no stasjonert på Litle Kvernøy, 12 nautiske mil frå Utvær. Her reknar han med å vere fram til i morgon fredag.

Frå fredag er det meldt at vinden skal roe seg, og roforhalda vil vere betre.

Då vil Thorseth prøve å starte på den 170 nautiske mil lange roturen over Nordsjøen til Shetland og Out Skerries.

Tidlegare har Thorseth sagt til Fjordenes Tidende at han brukar å rette seg etter fastsette tidspunkt, men at han vert forseinka om det bles for hardt.

- Eg brukar å halde det eg lovar, men vinden kan eg ikkje kontrollere. Det viktigaste for meg er at eg kjem fram, så får eg heller ta tida til hjelp.