Torsdag føremiddag var redningsskøyta Halfdan Grieg ute for å hjelpe ein seglbåt i Hennøystranda i Bremanger kommune.

Mannskapet på redningsskøyta opplyser at det var ankeret til seglbåten som hadde sett seg fast, og at dei fekk hjulpe personen som var om bord utan noko dramatikk.