Anestesilege på Sea King-helikopteret, Hans Jacob Westbye, er imponert over innsatsen til dei tre på Silda søndag kveld.

Han er ikkje i tvil om at dei berga liv denne kvelden.

Westbye var med på utrykkinga til Silda denne kvelden og han fullrosar innsatsen til alle tre

– Dei tre gjorde alt heilt rett. Han som ramla i sjøen var heldig at det var nokon som såg han, og at det var nokon som handla så raskt. Det var ikkje sommartemperatur i sjøen akkurat denne kvelden. Og det er grense for kor lenge ein person kan klare seg i kaldt vatn, spesielt når nase og munn er under vatn og han ikkje får puste, seier Westbye.

– Innsatsen til dei tre var heilt avgjerande for at mannen overlevde, seier Westbye.Det var Charlotte Tytingvåg som kontakta 113, og som var i kontakt med dei. Det tok om lag 20 minutt frå 113 vart kontakta til helikopteret var på Silda.