Selje har prosentvis størst arbeidsløyse i Sogn og Fjordane, tett etterfulgt av Flora og Vågsøy.

Tala for juni syner elles ein svak auke i arbeidsløysa for fylket samanlikna med i juni i fjor.

–Auken på 54 ledige fordelar seg på ulike bransjar og vi kan framleis ikkje sjå at problema i oljesektoren nasjonalt har særleg innverknad på utviklinga i vårt fylke, seier Knut Steinar Eitungjerde, assisterande direktør i NAV Sogn og Fjordane.

I Sogn og Fjordane er 1.045  personar heilt utan arbeid. Dette svarar til 1,8 prosent av arbeidstyrken og er lågast i landet. Auken på 54 ledige frå juni i fjor utgjer ein vekst på 6 prosent.

På landsnivå er det 77.310 heilt ledige i juni, tilsvarande 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein auke på 5 prosent frå juni i fjor. Den negative utviklinga i Rogaland med auke på 55 prosent og Hordaland med auke på 20 prosent held fram.  Auken er størst innan ingeniør- og IKT- faga som er knytt til oljesektoren.

Flora har ein auke på 59 ledige, men dette er fordelt på mange ulike bransjar utan at industri utmerkar seg negativt.  I prosent er det flest ledige i Selje med 4,1, Flora har 3,7 og Vågsøy 3,2.  I den andre enden av lista finn vi Leikanger og Aurland med 0,4 prosent.

Fylket har 234 ledige innan industriarbeid og talet er stabilt. Det er framleis bygg og anlegg og ingeniør- og ikt-fag som har størst auke i arbeidsløysa. Ingeniør- og IKT-fag knytt til oljesektoren har stor auke på Vestlandet elles og vi ser truleg noko av dette også hjå oss, seier Eitungjerde.

I juni var det 100 heilt  permitterte i Sogn og Fjordane som er det same som i juni i fjor.

Det vart registrert 497 nye stillingar i juni og dette er 150 fleire enn i juni i fjor.  Dette er ein stor auke som truleg skuldast litt tilfeldigheiter på utlysingstidspunkt i fjor og i år.