Rundt midnatt, natt til laurdag fekk politiet melding om brann i Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy.

Eit lynraskt brannvesen rykte ut og fekk sløkt flammane som stod opp etter kyrkjedøra.

Dermed hindra dei det som kunne blitt ein tragisk kyrkjebrann.

Politiet var ute på staden.

Dei fryktar at brannen var påtent, og ber no om tips om nokon har sett noko før og etter midnatt, natt til laurdag.

Det var tilfeldige som oppdaga brannen og som melde ifrå.