Politiet ser svært alvorleg på saka der nokon har sett fyr på døra til Sør-Vågsøy kirke. Dei ber folk som har vore i området rundt midnatt om å melde seg til politiet.

Operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt ber folk som har opphalde seg i området rundt Sør-Vågsøy kirke rundt midnatt om å melde seg til politiet.

- Politiet er interessert i å vite om folk som har vore i området frå 23.00 til 01.00 og melde seg, uansett om ein ikkje har observasjonar, seier operasjonsleiaren.

Politiet har konstatert at brannen er påsett og etterforskinga av saka pågår for fullt.

- Vi er interessert i observasjonar og uttalelsar frå folk, seier Nils Bakke, etterforskingsleiar ved Vågsøy lensmannskontor.

- Det kan vere små og store tips. Om nokon har sett noko, har hørt rykter om noko eller om nokon har gått eller sykla forbi området rundt kyrkja i desse tider fredag kveld og fått med seg noko, så ring inn, oppfordrar politiførstebetjent Åse Romuld.

- Kanskje har nokon sett nokon springe vekk frå kyrkja i retning sentrum eller mot brua. Eller kanskje ein bil ha køyrt rart. Tips oss, seier ho.

- Brannvesenet var raskt på staden og fekk sløkt brannen. Det kunne gått skikkeleg gale, seier Hauge.

Operasjonsleiaren kjenner ikkje til kva som var bakgrunnen for meldingane om brann, men ifølgje NRK Sogn og Fjordane, var det den automatiske brannalarmen i kyrkja som slo ut først. Eit minutt seinare såg ein nabo opne flammar ved kyrkjedøra og ringde brannvesenet.

Operasjonsleiar Trond Hatlenes fortel til NRK at det dei har konstatert at det er brukt brennbar væske for å tenne på kyrkjedøra i natt.