Betty Hessevik, leiar i Vågsøy sokneråd, er glad for at systemet for brannalarm i Sør- Vågsøy kirke fungerer så bra som det gjorde i natt.

- Vi har svært gode alarmsystem i alle våre kyrkjer og det er fantastisk at vi har eit brannalarmsystem som slår ut så fort og at vi har eit så effektivt brannvesen, seier Hessevik.

Ho fekk meldinga om at nokon hadde sett fyr på kyrkjedøra til Sør- Vågsøy kirke laurdag morgon.

- Eg tenker at dette er ein eller fleire personar som har gjort ei aktiv handling, seier Hessevik.

Ho og fleire med ho er bekymra over at gjerningspersonen eller personane ikkje er tekne.

- Men eg har tillit til brannvesenet og politiet som handterer situasjonen.

Soknerådsleiaren fortel at den 108 år gamle kyrkja betyr mykje for folk i området.

- Det er eit stort folkeleg engasjement rundt kyrkja. Folk bryr seg om kyrkja. Det er ikkje berre eg som tykkjer dette var leit, seier Hessevik.