Mannen som politiet meiner har køyrd i 171 kilometer i timen og som stakk av frå politiet i ein trafikkontroll er framleis sikta.

Politiet har avhøyrt fleire personar i saka, og etterforska den vidare.

- Vi er ikkje i mål med all etterforsking. Det gjenstår endå ein del sentrale avhøyr. Men der saka står i dag, så meiner vi at det er mannen som sikta som køyrde, seier etterforskingsleiar ved Vågsøy lensmannskontor, Nils Bakke.

Det var laurdag 27. juni at Utrykkingspolitiet prøvde å stanse denne motorsyklisten som kom i svimlande høg fart på Rv 15 i Almenning med retning mot Måløy. Men han stakk av, og politiet klarte ikkje å ta han igjen.

Etter nokre minutt så passerte motorsyklisten politiet sin kontrollpost igjen, men då i motsett retning.

Den sikta mannen nekta for at det er han som har køyrd sykkelen denne dagen.

Nils Bakke seier at kyrkjebrannen i helga har ført til at dei har måtte ha prioritert sykkelsaka litt annleis.

Men Bakke har framleis håp og tru om at dei skal løyse motorsykkelsaka.

- Så langt har det ikkje komme fram noko som gjer at siktinga mot mannen er svekka.