Arbeids- og næringslivet i fylket ropar etter kvalifisert arbeidskraft, samstundes som 170 ungdomar no står utan læreplass. Fylkeskommunen etterlyser fleire lærebedrifter.

For å få fullført fagutdanninga si, er ungdomane avhengige av at næringslivet tek inn lærlingar. Slik kan dei også sikre seg kvalifisert arbeidskraft for framtida.

Innafor desse bransjane står flest ungdommar utan tilbod om læreplass per i dag:

  • Anleggsbransjen (10)

  • Bilbransjen (14)

  • Elektrobransjen (19)

  • Barne- og ungdomsarbeidar (13)

  • Helsearbeidar (10)

  • Industrifag (24)

  • Maritime fag (19)

  • Tømrar (14)

  • Røyrleggjar (8)

  • Salsfaget (9)

Etterlyser lærebedrifterFor den einskilde ungdommen er det lite tilfredstillande å gå i uvisse om dei får seg lærekontrakt eller ikkje.  All statistikk for gjennomføring i vidaregåande opplæring viser at fråfallet er størst i overgangen frå skule til opplæring i bedrift.

– Vi oppmodar alle  bedrifter som er godkjende lærebedrifter  til å ta inn ein lærling,  eller kanskje ta inn ein eller to ekstra, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim

Bedrifter som ikkje har hatt lærlingar før, kan ta kontakt med fylkeskommunen om godkjenning som lærebedrift.