Eg gler meg som ein unge til nytt utekontor, smiler ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

For fjerde sommaren på rad tar ordføraren med seg pikkpakket sitt ut og lagar utekontor – denne gong i den nyrenoverte Badstutomta rett ved Gamlebanken. Kvar dag i Malakoff-veka – måndag til og med laurdag.

- Utekontor er viktig av to grunnar.  Det eine er å kome «nær folk», og vere tilgjengeleg for folk flest på ein annan måte enn dersom ein berre kan møtast på rådhuset eller i offisielle samanhengar. Det andre er at det er viktig for Eid kommune å vere synleg, til stades og tilgjengeleg den veka i året det er flest tilreisande til Eid. Vi har slagordet «Eid inviterer». Då skal vi vere på plass der folk er – og helse folk velkommen, fastslår ordføraren.

No gler han seg stort til sitt nye utekontor.

- Det er kjempekjekt, fastslår han.

Nytt av året er at plan- og byggesaksavdelinga og serviceavdelinga i kommunen blir med på utekontoret. Dette for å svare på spørsmål dei nye reglane i plan- og bygningslova som gjeld frå 1. juli, om tomter i Eid og ny kommuneplan.

- Dette er ein god måte å møte folket, og vi ønskjer å vere til stades, seier plan- og utviklingssjef Kristine Dahl.