Tirsdag morgon fekk Geir Håkon Andersen og kona Idun Beathe Ulvestad Andersen seg eit sjeldan syn då dei var og drog garn i Moldefjorden i Selje kommune.

I garnet hadde dei nemleg fanga ein St. Petersfisk.

Ifølgje Store norske leksikon er dette ein beinfiskart som høyrer heime i Middelhavet og varmare delar av Nord-Atlanteren, men som ein sjeldan gong er blitt teken i sørnorske farvatn.

Geir Håkon Andersen fortel at dette er tredje året dei har møtt på den noko uvanlege fisken i Moldefjorden.

- Eg meiner jo at denne typen fangst ikkje er normal. Så første gongen vi fanga ein St. Petersfisk ringte vi til Akvariet i Bergen. Dei fortalde oss at St. Petersfisken er blitt observert meir og meir her på norskekysten dei 10-15 siste åra, men at den framleis er av den sjeldne sorten, seier Andersen.

Han trur at det er varmare temperaturar i sjøen som gjer at eksotiske fiskar trekk nordover.

- Eg veit ingenting sikkert, men eg har tru på at dei kjem fordi det er litt varmare i sjøen her no enn før, seier han.

Ekteparet Andersen fortel at dei slapp Middelhavsfisken ut att i fjorden etter at dei hadde teke bilete av den.

- Vi har sluppe ut att alle dei tre St. Petersfiskane vi har fått. Første gongen då vi snakka med Akvariet i Bergen spurde vi om dei ville ha den, men det ville dei ikkje. Dei fortalde at dei allereie har liknande fiskar, og at St. Petersfisken lett døyr i fangenskap.

- Kva med å ete den, det skal visst vere ein smakfull fisk?

- Vi fiskar året rundt, og smakar på det meste, men St. Petersfisken er eg skeptisk til. Den er svært tynn og full av bein. Eg trur vi får overlate det til dei ved Middelhavet, ler Andersen.

St. Petersfisk er ein beinfiskart  i St. Petersfiskfamilien i ordenen St. Petersfiskar. Den vert opptil 90 centimeter lang, har høg samantrykt kropp, brunleg rygg og gulaktige glinsande sider med ein stor, mørk flekk midt på, som etter gamal tru skal vere St. Peters fingermerker.

Det er ein pelagisk art heimehøyrande i Middelhavet og varmare delar av Nord-Atlanteren. Den fiskas tein del i Middelhavet og utenfor Nordvest-Afrika, og reknast der som meget velsmakande. St. Petersfisk er også kjend under namnet Zeus Faber.