- Det er ein av dei fyrste sjøbaserte pilegrimsreisene sidan middelalderen, seier Bjørn Jensen, prosjektleiar for Selje kloster og helgenanlegg.

Denne helga har pilegrimar frå heile landet vore i Selje og på Selja, der Olav Haraldsson gjekk i land for tusen år sidan.

Seglasen var det daglig leiar i Pilegrimsselskapet St. Jakob, Eivind Luthen, som hadde teke initiativet til, og gjekk frå Stavanger til Selja.

- Dei var mellom anna i klosteret på fredag, og hadde ei messe i Selje i dag før dei reiste, seier Jensen.

Bakgrunn for seglaset er prosjektet Kystpilegrimsleia, eit samarbeid mellom fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, samt fire bispedømmer, som har som mål å skape eit autentisk nettverk og reiselivsprodukt for moderne pilegrimar, basert på den gamle hovedfartsåra for pilegrimar til Nidaros.

- Det er veldig fint at pilegrimsreiser er på veg opp att, og at det er interesse for Selja, som er det eldste pilegrimsmålet i landet, seier Jensen.