Rinus Adrichem var ein av dei første sjåførane som kom etter vogntoget inn i Skatestraumtunnelen.

- Eg og kona mi køyrde inn i tunnelen, og etter 250 meter blei vi stoppa av sjåføren av vogntoget som sa vi måtte komme oss ut fordi ein bensintank hadde losna frå tilhengerfestet og at den lakk, fortel Adrichem.

Han fortel at dei med ein gong kom seg ut av tunnelen.

- Og 30 sekunder så var det ein stor eksplosjon og så to-tre til, seier han.

Adrichem sa til kona at han måtte inn i tunnelen igjen for å hjelpe sjåføren.

- Men så kom sjåføren ut med lastebilen. Og så kom det veldig mykje røyk, seier Adrichem og fortset:

- Heldigvis kom vi oss ut. Det var ein stor eksplosjon. Vi hadde flaks, seier han.