Statens vegvesen har enno ikkje lukkast i arbeidet med å få på plass eit midlertidig ferjesamband på strekninga Kjelkenes-Smørhamn.

Etter brannen i Skatestraumtunellen har Sogn og Fjordane fylkeskommune gitt løyve til å setje inn ferje i det nedlagte sambandet.

Fungerande avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane, Margot Åsebø, seier at dei enda ikkje har fått på plass ferje, og at dei ventar på svar frå rederia.

– Vi har bedt to operatørar om å komme med tilbod om pris og kor raskt dei kan vere på plass. Vi har ikkje motteke eit tilbod hittil, men vi håpar på å få i gong ein dialog i løpet av formiddagen, seier ho.

Åsebø kjenner ikkje til detaljane om korleis rutetidene vert på det midlertidige ferjesambandet framover.

– Det viktigaste no er å få på plass ferja, så reknar eg med at rutetidende vert sett opp i ein dialog mellom Statens vegvesen og ferjeselskapet, fortel ho.

Les alt om ulukka her: