Brannvesen skal i løpet av dagen hente ut hengaren frå brannen i Skatestraumtunnelen.

Det fortel politioverbetjent Synnøve Domben ved Flora politistasjon.

- Det blir i ettermiddag eller i kveld, seier ho.

Statens havarikommisjon for transport kjem også til Bremanger i kveld.

- Dei har eit ønske om å sjå tunnelen, og skal sjå på det som blir henta ut av tunnelen, seier Domben.

Havarikommisjonen startar arbeidet tysdag.

Les alt om ulukka her: