Mange var med på jakt for å finne ulv i Eid kommune mandag. Men leiar i Eid sau og geit, Arve Inge Dahl, trur ikkje ein finn ulven før torsdag klokka 20 når fellingsløyve går ut.

Meir enn 40 personar møtte opp i søket, som vart arrangert av Eid sau og geit. Det synest Arve Inge Dahl er fint.

- Det er bra at folk stiller opp. Det viser at dette er noko som er viktig for sauebøndene, og for næringa. Det er ikke kjekt å finne att dyra sine livlause og opprevne, så det jobbar vi hardt for å unngå, seier han.

Han trur imidlertidig ikkje at dei klarar å finne ulven før løyve dei har fått av Fylkesmannen går ut på torsdag.

- Vi hadde ein stor aksjon i går. Vi fann ikkje ulv, og heller ikkje fleire skadde dyr, men tydelege spor på at det er ulv i området, fortel Dahl og legg til:

- Eg har ikkje tru på at vi klarer å felle ulven denne gongen, men det er ein begynnelse og eit steg i veldig riktig retning for oss. Vi finn døde og skadde dyr, og stadig nye bevis på at det er ulv som gjer skade i området her, så eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal få eit slikt løyve igjen.

Det var i etterkant av observasjonar av ulv i Eid, og døde og skadde sauer, at Eid kommune i forrige veke søkte om skadefellingsløyve hjå Fylkesmannen.

Skadefellingsløyve vart innvilga, og gjeld ein ulv, i eit avgrensa område nord for Eidsfjorden og Hornindalsvatnet. Løyvet gjeld i perioden frå fredag 17. juli til torsdag 23. juli.

Fylkesmannen har lagt avgjerande vekt på opplysningar frå rovviltkontakten i Nordfjord og Eid kommune i si avgjerd.

– Det er mykje dyr på beite i området, slik at potensialet for framtidige skadar er stort. Uttaket er vurdert å ikkje vere til skade for ulvebestanden si overleving, eller å kome i konflikt med det nasjonale bestandsmålet for ulv, heiter det på nettsidene til Fylkesmannen.

Det er rovviltnemnda i region 1 (Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane) som tildelar kvoter for slike løyver. Fylkesmennene i region 1 har fått tildelt fire skadefellingsløyve for perioden frå 1. juni 2015 til 15. februar 2016.

Per i dag er det tre ulv att av kvoten.