Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) kjem til Nordfjordeid 10. august for å opne eit nytt senter for arbeid og læring.

Senteret er også kjent som LA-bygget.

- Vi er svært glade for at statsråden har takka ja til invitasjonen til å opne LA-bygget, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

LA-bygget er ei felles satsing mellom attførings- og arbeidsmarknadsbedrifta InVia AS og Eid kommune. Bygget ligg på Langeland rett aust for Nordfjordeid sentrum og skal innehalde både produksjonslokale, arbeidsstove, undervisningsrom, kantine, kjøken, møterom, kontorlokale og andre fasilitetar.

- Det å kvalifisere seg til og ha eit meiningsfullt arbeid er for dei fleste nøkkelen til eit godt liv og god integrering i samfunnet. Målet med LA-bygget er å skape eit sterkt, samla fagmiljø for arbeidsretta opplæring, arbeidstrening og innføring i arbeidslivet for menneske som står utanfor den ordinære arbeidsmarknade både læring og arbeid. Ved å samle mange aktørar i eitt senter sikrar vi brei kompetanse og legg til rette for samarbeid på tvers av ulike fagmiljø. Vi ser fram til å syne statsråden det nye senteret, og å diskutere med han korleis vi best mulig kan legge til rette for brei deltaking i arbeidslivet, seier ordførar Alfred Bjørlo.

InVia sine ressursar i LA-bygget vil vere både administrasjon, kursavdeling og arbeidstrening gjennom oppfølging i eksterne bedrifter og eigen produksjon. Eid kommune lokaliserer flyktningetenesta, vernepleietenesta, vaksenopplæringa og dagsenter-tilbod til LA-bygget.

I tillegg til statsråd Eriksson vil også fylkesvaraordførar og KS-leiar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og andre inviterte gjester vere til stades på opninga.