Bremanger kommune har fått brev frå Norda Partners AS på Heimdal som søkjer samarbeidskommmune for bygging og drift av fengsel.

I brevet vert det vist til manglande fengselsplassar i Norge. Ei investorgruppe har stor tru på at dette kan gjennomførast som eit samarbeid mellom det offentlege og private, heitar det i brevet frå kommunen.

Bremanger kommune viser til at eit fengsel betyr arbeidsplassar og tilflytting for området. Dei viser også til at eit nytt fengsel vil gi ringverknadar i næringslivet og lokalsamfunnet som heilskap. No håper dei å få ein eller fleire kommunar med på ideen.