Nye sikringstiltak kan kome når ein no jobbar med å sette i stand Skatestraumtunnelen.

Krav frå ei ny tunnelsikringsforskrift gjeldande frå nyttår og som skal implementerast før 2025 skal no vurderast i Skatestraumtunnelen.

– Det er ein relativt ny tunnel og vi ser at det ikkje er så mykje som skal til før den tilfredsstiller dei nye krava, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen.

Dei nye krava inneber mellom anna at det skal vere tettare mellom naudskapa.

– Det er 250 meter mellom dei no, og det skal vere 125 meter. Samt at det skal vere leielys nede ved vegen, ikkje berre lys i taket, seier Eidsnes.

Naudskapa var viktige då ulykka skjedde i Skatestraumtunnelen. I tillegg til å ringe, opna tankbilsjåføren naudskapa i tunnelen etter ulykka, og etter 46 sekund hadde Vegtrafikksentralen stengd tunnelen. Om skapa hadde stått tettare då, trur ikkje Eidsnes ville hatt noko betydning for kor kjapt alarmen gjekk.

– Ein klarar det ikkje kjappare enn dette. Det er i overkant bra, seier Eidsnes.

Om ein vel å inkluderer dei nye krava i tunnelen når ein no set tunnelen tilbake i stand, blir opp til fylkeskommunen. Vegvesenet ventar å ha klar ein rapport med begge kostnadsoverslag om ein månad.

Les alt om ulukka her: