Det vil koste titals millionar kroner å sette Skatestraumtunnelen tilbake i stand og fylkesordførar Åshild Kjelsnes uttalte i sist utgåve av Fjordenes Tidende at fylkeskommunen vil be staten om hjelp til rekninga.

Statssekretær John-Ragnar Aarset i Samferdsledepartementet vil ikkje love pengar til å sette i stand tunnelen.

– Først må vi få på det reine kva reparasjonane faktisk vil koste og kor mykje som vil bli dekka av forsikringa. Så må ein eventuelt sjå på om staten kan bidra med noko. Eg kan ikkje love noko no, seier Aarset til NRK.

Han fortel at ein er i dialog med fylkeskommunen og vegvesenet, men at økonomi ikkje er tema endå.

– Sogn og Fjordane har fått ein stor del av potten til tunnelutbetring. Men trass i at vi har løyvd meir enn nivået til førre regjering, får vi beskjed om at Sogn og Fjordane skal ha meir, seier han til NRK.