– Det er her på Hakallestranda eg helst vil vere, seier Terje Kragset til dei frammøtte sambygdingane på opninga av cruiseferja M/S Fjord-kongen.

Etter å ha bygd om passasjerferja Fjord-kongen til cruisebåt, var ikkje Terje Kragset det minste i tvil om kvar opningsseremonien skulle haldast.

– Det var klart eg skulle heim att til Hakallestranda. Eg har reist mykje rundt, men det er her eg helst vil vere, seier han. – I dei store hamnene er ein berre enda ein båt. Her viser ein igjen, og bygdefolket støttar opp og viser at dei synest det er kjekt med liv og røre.

– Hakkande gale

Ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, var sjølvskriven gjest på opninga fredag, og beskriv ombygginga av ferja som det mest interessante han har vore med og sett på sine 12 år i vervet.

– Ein må vere litt hakkande galen for å finne på noko slikt, spøker den rutinerte ordføraren før han legg til: – Terje sluttar aldri å overraske. Det her er langt utanfor det vanlege, men like fullt eit fantastisk initiativ. Det betyr mykje for vekst og trivsel i kommunen vår, og eg har den største respekt for arbeidet han har lagt ned.

Bar og butikk

Også bygdefolket var strålande nøgde med det storfine ferjebesøket, som ein gong transporterte bilar mellom Nesodd- en og Oslo.

– Vi set stor pris på dette, smiler Astrid Brandal, som er busett på Hakallestranda. Ho var spesielt glad for å få med seg moteshowet på opninga. – Det er heilt supert at vi plutseleg har motebutikk og bar her i bygda, ler ho.– Terje er verkeleg flink til å få til liv og røre, det er berre å bøye seg i støvet. Etter opninga og moteshowet var det fullt program om bord i ferja. Det blei blant anna arrangert dans med Contrazt, og laurdag var det rekebord og trubaduraften som stod på programmet.– Det blei ei flott opningshelg, med fine ord og helsingar frå mange hold. Eg er storfornøgd med talet på besøkjande, og det var kjekt å møte att gamle kjende, seier Kragset, før han fortset: – Eg gler meg til å kome tilbake til Hakallestranda og kjem nok til å arrangere fleire liknande helger her framover.