Eid kommune har lyst ut på anbod bygging av einebustad på Golvsengane i Nordfjordeid sentrum.

Einebustaden er planlagt brukt til utleigeføremål og med byggestart i haust. Utlysinga er i tråd med Bustadsosial Handlingsplan, der målet er å fornye og auke talet på bustader for utleigeføremål i Eid, skriv kommunen i ei pressemelding.

Kommunen har også nyleg skrive kontrakt med Norgeshus v/Andor Hovden om bygging av eit leilighetsbygg rett vest for Nordfjord sjukehus, på tomta til tidlegare Prestemarka barnehage.

Bygget vil vere om lag på storleik med det tidlegare barnehagebygget, få ni leilegheiter for utleige og skal stå ferdig hausten 2016. Byggeprosjekta er finansiert med særskilde tilskot frå Husbanken og husleige frå bebuarane.

Formannskapet har også vedteke at det skal leggast fram sak til hausten om riving av eksisterande kommunale rekkehus av dårleg standard i Prestealleen 33, med sikte på nybygg på tomta til utleige.

Ordførar Alfred Bjørlo viser til at det er eit stort press på utleigemarknaden og eit stort behov for fornying og auke i bustadmassen for utleigeføremål. Den nye tilskotsordninga frå Husbanken for byggeprosjekt forankra i ein bustadsosial handlingsplan, gjer at ein kan byggje ut utan at det går ut over andre føremål.