Kvar fredag har vi vekas spørsmål i Det spørst-spalten samt innsending av løysingsord i Fjordkryss.

Innsendarane med riktig svar i kvar av konkurransane er med i trekninga av eit Fjordenes Tidende-krus.

Vekas spørsmål fredag 24. juli var: Kva for ord kan setjast framfor bokstavane –dat, -id, -ur og –stikk og dermed få andre ord?

Riktig svar var sol, og Møyfrid Sjåstad frå Stadlandet får tilsendt eit krus for riktig svar.

Løysingsordet i Fjordkryss fredag 24. juli var hornindalsvatnetareal. Ei av dei som hadde funne svaret var Reidun Anderson frå Sauda, og ho får også eit krus i posten.

I dagens avis, enten det er på papir eller e-avis, er det nye moglegheiter til å sikre seg eit Fjordenes Tidende-krus om du svarer på vekas spørsmål eller løyser ei ny utgåve av Fjordkryss.

Lykke til og takk til alle som deltar.