Havarikommisjonen jobbar med å finne ut kva som skjedde då hengaren på tankbilen losna og hamna i fjellveggen.

Havarikommisjonen var til stades då hengaren blei henta ut av tunnelen og jobbar no med å finne svar på kvifor hengaren med 16.500 liter bensin losna og hamna i fjellveggen.

– Vi jobbar med saka, samlar inn opplysningar frå dei som var involvert og så er det ein del vitne vi skal snakke med, seier havariinspektør Martin Visnes i Statens Havarikommisjon for Transport.

Inspektøren var sjølv nede i tunnelen og fekk sjå restane av det som var igjen av tanken. Han tok også med seg tilhengjardraget tilbake til hovudkontoret på Lillestrøm for vidare undersøkingar. Visnes fortel at dei aldri har hatt undersøkingar der ein hengar har losna frå ein tankbil.

– Nei, vi har ikkje hatt undersøkingar i hendingar med dei konsekvensane, seier han.

Visnes fortel at dei foreløpig ikkje har noko teori om kva som har skjedd.

– Vi må vente til vi får undersøkingane frå tilhengjardraget klart for å konkludere med noko, seier han, og legg til at tidsperspektivet er usikkert.

– Ein rapport skal vere klar innan 12 månader etter hendinga har skjedd, fortel Visnes og legg til at han trur det blir klart før den tid.