– Dette er første steget for oss, seier tenesteleiar Åshild Bruland i Selje etter at kommunen fekk sin første elbil.

– Miljø er noko vi må bli meir bevisste på i framtida. Det er jo ein innsparing for miljø og økonomi, seier tenesteleiaren for heimetenestene i kommunen om den nye elbilen dei har fått leasingkontrakt på.

I snart ein månad har dei tilsette susa rundt i elbilen.

– Vi vil prøve med ein bil først, så ser vi korleis det går. Vi har ei litt lenger avtale på dei andre bilane vi har, men vi vil vurdere om dette er noko vi vil satse meir på, fortel ho.

Økonomisk og miljøvenleg

– Der vi kan påverke er det viktig at vi gjer det, seier økonomisjef Geir Kvisten i Selje kommune, som ikkje legg skjul på at det også er økonomi bak valet av elbil.

– Det er ei blanding av at det er ein økonomisk bil og at det er miljøvenleg. Mange kommunar har investert i elbilar. Vi prøvar no med ein bil, og ser om vi vil utvide etter kvart, seier Kvisten, som legg til at ein sparar nokre tusen kroner i året på val av elbil.

– Om vi kan kombinere betre økonomi og miljø så er det topp, meiner Kvisten.

Godt nøgde

Ifølgje seljar Petter Skåre i Berge & Co har bilen ei rekkevidd på 16 mil under optimale forhold. Det er heimesjukepleia og heimehjelpa som brukar bilen, og det er for det meste til småkøyring i Selje sentrum.

– Vi har dieseldrivne bilar som vi brukar på lengre køyringar, seier Bruland, som legg til at det var nokre tilsette i kommunen sine gode erfaringar med elbil som gjorde at kommunen også ville prøve.Bruland oppfordrar andre kommunar om å byte til elbil.

– Det kan vere eit alternativ for dei som har kortare køyring, seier ho.

Godt nøgde i Eid

I Fjordenes Tidende sitt dekningsområde er det berre Eid kommune som også har elbil. Den fekk dei inn i fjor haust.

– Vi har ein elbil som vaktmeistertenesta og heimetenesta deler. Brukarane er fornøgde med den og den står ikkje tilbake for dei vanlege bilane, fortel avdelingsleiar Terje Moldestad i Eid kommune.

Vågsøy kommune vurderer også å skaffe elbil.

– Vi har ikkje elbil, men det har vore diskutert som ei moglegheit, seier Frode Weltzien, eigedomssjef i Vågsøy.