Sidan 2010 har Leo Cirotzki vore leiar for hjelpekorpset i Bremanger, men aldri før har han merka eit like stort behov for førstehjelp som no.

– Eg trur det har blitt slik i samfunnet at ein stadig forventar at fleire og fleire kan førstehjelp, seier Cirotzki. Han jobbar sjølv som HMS-sjef ved Elkem, og er oppteken av at nivået rundt førstehjelpskunnskapane er høge.

Cirotzki, som er leiar for Røde Kors Hjelpekorps i Svelgen og Bremanger, seier organisasjonens kursverksemd innanfor førstehjelp difor også har auka den siste tida. Hjelpeorganisasjonen er den einaste i kommunen som tilbyr kurset.

– Kursverksemda vår aukar heile tida. Vi har to instruktørar som arrangerer kurs nesten kvar einaste veke, seier leiaren, og legg til at det ofte er lag, organisasjonar og bedrifter som deltar på kursa.

Han fortel også at Helse, miljø og sikkerheit (HMS) stadig blir viktigare for bedrifter, skuler, barnehagar og fleire andre arbeidsplassar.

– Det er viktig å kunne handtere ulukker dei første minuttane etter dei har skjedd.

– Ein tryggleik

Hjelpeorganisasjonen har også bidratt til at det er ein hjartestartar i nesten kvar einaste bygd i Bremanger kommune.

– Det er ein tryggleik for alle, seier Cirotzki.

Auka kompetanse

Med åra har talet på medlemmar i hjelpekorpset gått ned, men Cirotzki seier kompetansen er høgare enn før.

– Vi er ein mindre gruppe i dag, men eg meiner kompetansen er høgare. Vi har eit breiare fagfelt, seier han og viser til at dei i dag er 21 personar med beredskapsvakter.

Han fortel vidare at hjelpekorpset for det meste øver på førstehjelp, samband og søk. Mesteparten av medlemmane bur i Svelgen, men dei har også ein del ressurspersonar ute i bygdene.

– Dei stiller gjerne opp med fleire folk, og vi har i tillegg kontakt med både jakt- og fiskeforeiningar og turlag. Dei har vi nytta oss av fleire gongar, understrekar han.Ettersom talet på medlemmar har gått ned med åra må Cirotzki og dei andre i hjelpekorpset jobbe for å rekruttere fleire.

– Vi meiner vi har ein utruleg spennande hobby, og vi har det kjekt i lag, avsluttar hjelpekorpsleiaren.