Det er jubel, latterbrøl og store smil når innvandrarar møtes over spelebrettet på Nordfjordeid.

– Å vere her er kjekt, og så snakkar vi norsk, og det er bra, seier Nimo (22) frå Somalia.

Ho har budd på Nordfjordeid i halvanna år, og likar spelekveldane svært godt. For den internasjonale kafeen til Nordfjordeid Røde Kors har utvikla seg til å bli reine spelekveldar.

– Å sitte heime er kjedeleg. Her er det mykje glede, meiner Nimo.

Ho smiler over kortstokken og er storfornøgd med tilbodet om internasjonal kafé.

Eigne reglar

Iveren er stor, og rundt bordet er det ein herleg entusiasme og speleglede. Til tider er det også ganske så høglydt.

– Vi blir veldig ivrige, men det er godlynt stemning. Latteren sit laust når fleire krev at ein medspelar må trekke fem ekstra uno-kort fordi ho gløymde å seie «uno».

– Vi er strenge, og har litt eigne reglar som gjer det ekstra moro, fortel gjengen og flirer, før dei prøver å sjå på sidemannen sine kort. Nokon juksar meir enn andre.

– Sjølv om norsk er eit vanskeleg språk, så kan ein spele saman. Uno har fargar og tal, og norsken kjem etter kvart, meiner nokre av deltakarane denne kvelden.

Foreinar nasjonar

Det er Eid Røde Kors som arrangerer internasjonal kafé kvar torsdag kveld i lokala til Frivilligsentralen.

Her møtast folk frå fjern og nær for å prate og spele spel. Ikkje noko meir komplisert enn det. Serveringa er enkel med kjeks og frukt, for det er spel dei fleste kjem hit for. Her møtes innflyttarar frå «heile» verda: Eritrea, Somalia, Tsjekkia, Bulgaria, Polen, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Afghanistan og Norge.

Uno, kinasjakk og ludo foreinar nasjonane. Dei hjelper til på vegen til å bli integrert.

– Det er ope for alle innflyttarar, men dei som kjem hit er innvandrarar, fortel Torill Epletveit, Ho er med som frivillig og begynte sjølv å gå her fordi ho var nyinnflyttar. Og den første ho blei kjent med gjekk hit.

– Som innflyttar er det ein grei arena å bli kjent med dei andre ganske nye på Nordfjordeid. Over eit spel blir ein fort kjent. Dette er integreringsarbeid i praksis, meiner Epletveit.

Aukande interesse

Interessa for å kome innom har tatt seg opp, og no er det gjerne tretti små og store som møtast kvar torsdag. Og alle gleder seg til å kome hit to timar i veka.

– I starten var det mest menn som kom på spelekveld, men no når ein kan ta med ungane kjem også damene. Tidlegare var dei gjerne heime for å passe barna, fortel Inger Johanne Brekke.

Ho trivast som frivillig. Og om det er nokon som vil gjere ein innsats for andre, så tar Røde Kors tar gjerne imot fleire frivillige – sjølv om ein kan stille berre av og til.

Vinnarinstinkt

Tilbake til speleborda er konkurranseinstinktet stort hos mange. Ved eit av borda er det djup konsentrasjon i forsøket på å vinne partiet.

– Vi kjem hit for å spele kinasjakk, seier Tomàs Kadlas. Tsjekkaren har budd på Eid i fem år og er på spelekveld nesten kvar veke. Rundt bordet er det ingen som likar å tape, men det er vanskeleg å legge ein skikkeleg strategi for å vinne ettersom det er mange som flyttar på kulene til stadigheit.

Det hjelper likevel litt å flytte sine kuler så ein øydelegg for dei andre.

– Det er det sterkaste vi kan gjere, meiner dei.