Synnøve Sande har i mange år vore leiar i Svelgen-Bremanger Røde Kors. No leiar ho heile fylket gjennom organisasjonens 150-årsjubileum.

Sande blei vald som fylkesleiar for Røde Kors i mars, og fortel at det er nok av oppgåva å ta fatt i som leiar for hjelpeorganisasjonen. Ho fortel også at dagane i den nye jobbtilværet er travle.

– Det er mykje arbeid, men samstundes er det utruleg kjekt og spennande, og litt skummelt, fortel den nyvalde leiaren frå Svelgen. Då Fjordenes Tidende snakka med Sande var ho på ferja til Isane etter å ha deltatt på eit arrangement for Røde Kors ungdom i Stryn.

– Ein må tenke litt annleis når ein er distriktsleiar, enn når ein er leiar for eit lokallag. Men utover det møter ein nye folk, og lærer mykje undervegs. Eg er veldig fornøgd med at eg får lov til å leie organisasjonen for heile fylket, seier Sande.

– Har Røde Kors i magen

Distriktsleiaren hugsar godt korleis ho først blei verva inn som medlem av Røde Kors.

– Eg og min mann var på tur til Ørsta, og der såg vi plutseleg ein kollisjon framfor oss. Vi hadde to tomme hender, men av sunn fornuft gjorde vi det vi trudde var riktig. Etter den hendinga fann vi ut at vi ønska å ta eit førstehjelpskurs.Det gjorde dei, og sidan har dei begge vore aktive medlemmer av Røde Kors.

– Eg vet ikkje om eg kan leve utan Røde Kors. Medlemsskapet gjer at eg føler at eg kan gjere ein forskjell, samstundes som eg kan vere med på å bidra til samfunnet rundt meg.

Utfordringar

Sande fortel vidare at organisasjonen i det komande åra mellom anna skal fokusere på flyktninghjelp, einsame personar og det tradisjonelle hjelpekorpset. Rekruttering av nye medlemmar til dei 27 lokallaga i Sogn og Fjordane er også ein viktig bit, legg ho til.

– Over heile fylket er det lokallag som slit med å få med nye og yngre medlemmar. Vi må gjere ein god jobb for å promotera organisasjonen, både når det kjem til aktive medlemmar og støttemedlemmar, seier Sande, og oppfordrar fleire til å prøve seg som medlem.

– Det var ein som fortalde meg at om du først får Røde Kors i magen, så får du den aldri ut igjen. Det har truleg skjedd med meg, avsluttar distriktsleiaren.