Heile 65 prosent av dei som svarte på dagens spørsmål har allereie bestemt seg for kva dei skal stemme ved kommunestyrevalet denne hausten.

412 personar har vore inne på fjt.no og oppgitt om dei har bestemt seg eller ikkje.

21 prosent svarte at dei enda ikkje er sikre på kva dei skal stemme, medan 14 prosent oppga at dei ikkje har tenkt til å nytte seg av stemmeretten.