Eid kommune har skrive intensjonsavtale med Trygg Trafikk om å bli «Trafikksikker kommune».

–  Å arbeide systematisk med trafikktryggleik gir eit trygt lokalmiljø, færre skadar og nøgde innbyggjarar. Eg er svært glad for at Eid no tek steget og løftar arbeidet med trafikktryggleik opp på eit overordna plan i kommunen, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad i ei pressemelding.

Eid er den fyrste kommunen i Sogn og Fjordane som inngår eit slikt samarbeid med Trygg Trafikk.

– Skal Eid vere ein trygg og god stad å vekse opp, er trafikktryggleik avgjerande. Difor vil Eid kommune inngå eit slikt samarbeid med Trygg Trafikk, som no kan gi oss råd og fagleg rettleiing til å bli endå betre, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Trygg Trafikk vil, under føresetnad av løyvingar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, gje økonomisk støtte på inntil 5.000 kroner per skule og barnehage i kommunen som stimulering i arbeidet for godkjenninga.

– Målet er at Eid kommune i løpet av 2016 skal kunne godkjennast endeleg som «Trafikksikre kommune».  Eid må då syne at ein tek trafikktryggleik inn som systematisk del av planverket på alle området der det er relevant - både som vegeigar, arbeidsgivar og skule- og barnehageeigar, heter det i ei pressemelding.