Debattleiar Ralf Johansen frå Fagforbundet Sogn og Fjordane måtte presse ordførarkandidatane i Bremanger på privatisering og konkurranseutsettting under paneldebatten tysdag kveld:

- Ingen har noko om konkurranseutsetting i programma sine, er det verkeleg ingen diskusjon om dette i Bremanger? spurte han dei seks listetoppane.

Men der måtte Audun Åge Røys frå Bremanger Høgre arrestere debattleiaren.

- Vi har det faktisk i vårt program. "Høgre ønskjer effektiviserte offentlege tenester gjennom auka konkurranseutsetjing" står det der, sa Røys.

Men gjekk så vidare med å presisere at det ikkje var snakk om konkurranseutsetjing for kvar ein pris.

- Det betyr at vi vil vurdere det om mulegheita dukkar opp. Det er det som ligg i det.

Kåre Jarl Langeland frå Venstre utelukka heller ikkje heilt at privatisering kunne bli eit tema.

- Innanfor det lovpålagte er det jo spesielt dette med sjukeheimen. Viss vi ikkje når fram, for eksempel når det gjeld rekruttering, så er det kanskje ingen annan utveg enn å gå privat. For det vi ikkje kan ha, er dårleg kvalitet på tenestene. Men konkurranseutsetjing er ikkje eit tema hos oss, så lenge kvaliteten held.

Vil ha godt arbeidsmiljø

Paneldebatten tysdag var arrangert av Svelgen Kjemiske Arbeiderforening og Fagforbundet, og fokuset var tydeleg på arbeidslivsrelaterte spørsmål.

Panelet var stort sett einige om å dei ville følge den gamle arbeidsmiljølova, frå før oppmjukinga av reglane for mellombels arbeidskraft, og meinte eit kommunstyrevedtak på at Bremanger kommune ville følgje denne absolutt var muleg.

Men publikum ønskte klarare svar.

- Kva gjer eg så om min arbeidsgjevar vil ha meg til å jobbe tre søndagar på rad. Kan eg seie at her i Bremanger følgjer vi den gamle. Kan eg få eit svar på det? spurte ei kvinne i salen.

Både Sp pg H presiserte at det måtte vere rom for lokale tilpassingar og avtaler, men spesielt Sp sin toppkandidat Marius Strømmen var klar på at han såg mot den gamle avtalen.

- Så lenge eg ikkje får Strandosen (lensmannen i Bremanger, journ. anm) på døra, så følgjer eg den gamle, stadfesta han.

- Du kan vise til at det er tverrpolitisk semje om å følgje den gamle. Ein bryt ikkje lova så lenge det er snakk om å gje arbeidstakarane betre vilkår, supplerte Charlotte Skjølberg (SV).

Espen Sortevik (Ap) sa seg einig med dei andre politikarane, men presiserte at det kunne vere lurt å vente til det faktisk låg føre eit kommunalt vedtak før ein begynte å nekte å jobbe.

Ordførarkandidatane var også einige om at målet var å jobbe for flest muleg heile og faste stillingar for folk i Bremanger, sjølv om det blei presisert at ein også måtte vere pragmatiske her.

Nei til søndagsshopping

KrF gjekk naturleg nok i spissen for søndagsstengte butikkar.

- Søndagsopne butikkar er jo allereie i dag ein mulegheit, for turistnæringa, og vi har jo brustadbuene. Men KrF meiner søndag bør vere ein annleis dag. Vi menneske treng det, sa Rune Nordbotten.

- Klart vi er imot søndagsopne butikkar, sa Kåre Jarl Langeland,og fekk støtte av Charlotte Skjølberg:

- Det er ikkje noko behov for det. Det endrer berre handletidene, ikkje handlebehovet.

Høgre og Audun Åge Røys var ueinige:

- Det er frivillig å ha ope og frivillig å handle. Eg ser ikkje problemet. Ein treng ikkje køyre i 80 kilometer i timen på vegen heller sjølv om det er tillate. Det er allereie så mange unnatak til denne lova. Kvifor kan ikkje berre alle få ha ope? spurte han.

Andre tema som blei diskutert under paneldebatten var kommunereformen, rekruttering av folk til Bremanger kommune og lokale spørsmål som vedlikehold av bygg om område, sentrumsplan for Svelgen og eigedomsskatt.

Les meir om dette i Fjordenes Tidene si papirutgåve fredag.