– Vi er i utgangspunktet svært positivt innstilt til ei eventuell etablering av fengsel i Bremanger kommune, stadfestar rådmann Tom Joensen.

Det var tidlegare i sommar at investorgruppa Norda Partners AS på Heimdal kom med førespurnad om moglegheita for eit privat-offentleg samarbeid om å byggje nytt fengsel. Dei sende same førespurnad til fleire kommunar rundt om i landet og viste til manglande fengselsplassar i Norge.

Norda Partners viste til at det betydde arbeidsplassar og tilflytting for området, og at det vil gi ringverknadar i næringslivet og lokalsamfunnet som heilskap.

Høgre i Bremanger uttrykte kort tid etter at kommunen no måtte vere om seg.

No har rådmannen sendt brev til investor Tor Blaasmo, der han ber om litt meir informasjon med tanke på kva kommunen kan bidra med i samband med tilrettelegginga.

Kommunen vil til dømes vite kor stort arealbehovet er, behovet for infrastruktur og om det er spesielle omsyn med tanke på plassering.

– Vidare er det interessant å vite noko om forventa framdrift og avgjerdsprosessar i samband med etablering av fengsel, påpeikar rådmannen.