Raudt mener dei blei utestengt frå ein skuledebatt, men NRK forteller at Raudt har misforstått og trudd at dei arrangerte ein ordinær skuledebatt.

– Påstanden din byggjer på ei mistyding. Raudt vart ikkje utestengde frå debatten. Raudt var heller ikkje inviterte av NRK til å delta i debatten. NRK arrangerer heller ikkje skuledebattar i tradisjonell forstand. Det er det skulane og dei politiske partia sjølve som gjer. Men NRK har i denne valkampen invitert nokre utvalde parti til tre debattar om kommunereforma (Florø), miljø og klima (Sogndal) og skule (Stryn). Dette er direktesende debattar som har gått i radiosendinga vår mellom kl 15 og 16. Debatten i Stryn vart og sendt i nett-tv. NRK har heller ikkje invitert andre parti enn dei som var med i panelet. Desse vart plukka ut etter ei journalistisk vurdering. Kven som har invitert Raudt er ukjent for NRK, skriv redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK i sitt svar til partiet.

– Eg trur det heile byggjer på ei mistyding rundt bruken av omgrepet skuledebatt. Vi inviterte som sagt eit utval parti til debatt der tema var skule, men altså ingen skuledebatt der det er naturleg at alle parti er med. Debatten vart lagt til Stryn då dette er ein av dei vidaregåande skulane som det tidlegare har vore debatt om framtida til, og der skulen velvillig lånte oss lokale, skriv redaksjonssjefen.