Måndag kjem statssekretær Birgitte Jordahl (H) i Kunnskapsdepatementet til Nordfjord.

Ho skal besøke Svelgen barne og ungdomsskule, Vågsøy ungdomsskule i Måløy og Måløy vidaregåande skule i Deknepollen.

Det skriv Høgre i ei pressemelding.

– Under besøket vil Bremanger Høgre sin ordførarkandidat, Audun Åge Røys, gjerne få fram at det er gode skular i Bremanger, bra resultat og at ein har desentralisert skulestruktur, heiter det i pressemeldinga.

– Ordførar i Vågsøy, Morten A. Hagen (H), vil rette søkelyset på behovet for å få bygd ny ungdomsskule for Vågsøy i Måløy snarast. Ein driv no på dispensasjon og tilhøva er ikkje akseptable for elevame og tilsette. Tida er inne for handling og bygging, seier han.